Av Torfinn Støve Madssen (medisinstudent/forskerlinje) og Guro F. Giskeødegård (forsker)
Det er igjen oktober, månaden der mange bærer rosa sløyfer for å vise omtanke for dei som rammast av brystkreft. Sjølv om dei fleste i dag blir friske frå brystkreft, kan behandlinga for nokon setje langvarige spor. Det er dette, seinskader etter brystkreftbehandling, som er tema for årets Rosa sløyfe-aksjon. Metabolske biverknadar, som vektauke og høgt kolesterol, kan gi kreftpasientar redusert livskvalitet og auke risikoen for blant anna hjarte- og karsjukdom.
Dersom ein får brystkreft i dag, er sjansane gode for å kunne leve lenge med sjukdomen. På grunn av betre behandling og tidlegare diagnostikk er 90 % av pasientar som får brystkreft framleis i live etter fem år, og 80 % etter ti år. Men diverre har brystkreftbehandling mange biverknadar, og kan gi langvarige plager sjølv om pasienten blir kreftfri. Mange pasientar opplever auka trøyttleik (fatigue), reduserte aktivitetsnivå, og får uheldige kolesterolforandringar under og etter behandlinga. Mange går også opp i vekt under behandlinga, og dette kan gi ein dårlegare prognose for pasienten.
Vi forstår per i dag ikkje fullt ut kvifor eller korleis desse biverknadane oppstår. For å finne svar på dette, har vi undersøkt korleis samansetninga av metabolittar og kolesterolpartiklar i blodet endrar seg i løpet av kreftbehandlinga. Metabolittar er små molekyl, som aminosyrer og feittsyrer, som inngår som byggesteinar og energikjelder i kroppen. Ved å undersøke korleis samansetninga av desse endrar seg, kan vi betre forstå korleis kroppen blir påverka av kreftbehandling.
Vi undersøkte ei gruppe pasientar som tek del i EBBA-II studien, som er ein randomisert klinisk studie der ein undersøker effekten av fysisk aktivitet hos pasientar med brystkreft. I vår studie fann vi ut at pasientar som fekk kjemoterapi fekk metabolske endringar som er assosiert med betennelse og oksidativt stress. Somme av endringane har tidlegare blitt kopla til endra immunfunksjon, dårlegare blodkarfunksjon, og kognitive symptom. Kjemoterapimottakarane fekk også ugunstige kolesterolforandringar, som likna på dei som ein ser hos pasientar med betennelsestilstandar. Vi såg også at pasientane som seinare gjekk opp i vekt utviste teikn på endra feittmetabolisme allereie før behandlingsstart.
Samla sett tyder funna våre på at somme av seinfølgene som brystkreftpasientar opplever kan knytast til behandlingsindusert betennelse og oksidativt stress. Det ser også ut til at somme av dei som går opp i vekt under behandlinga på førehand har ein metabolittprofil som kan predisponere for vektauke. Oksidativt stress er ikkje berre negativt; det er ein viktig årsak til at kjemoterapi tek livet av kreftceller. Men det kan også bidra til utvikling av biverknadar, som kan verke inn på helsa på sikt. Resultata frå denne studien vil bli publisert i tidsskriftet British Journal of Cancer.
Stadig fleire overlever kreft. Dette betyr at vi i framtida må rette meir merksemd mot korleis det å ha gjennomgått kreftbehandling verkar inn på helsa, også etter at pasienten er kurert. Våre funn tyder på at kreftbehandling er ei metabolsk påkjenning for kroppen, men mange spørsmål står att. Kva kan den metabolske responsen til behandlinga fortelje oss om risiko for sjukdom og tilbakefall? Korleis verkar andre metabolske organ, for eksempel tarmbakteriefloraen, inn på dette? Og kan trening under kreftbehandling motverke desse negative effektane? Dette er spørsmål som vi skal forsøke å svare på i forskingsgruppa vår dei neste åra.
Forskningen mottar støtte fra Kreftforeningen.