Som ny student kan semesterstart vere ganske så overveldande; det er mykje informasjon som skal fordøyast, folk ein skal bli kjent med og rom som skal finnast fram til. Dette blogginnlegget er eit forsøk på å gjere det heile litt enklare, ved at du som er ny student får ei kort oversikt over kva Bibliotek for medisin og helse kan hjelpe deg med.
Søke etter bøker og artikler
Dersom du vil finne ei bok og sjekke om me har den på Bibliotek for medisin og helse, søker du i Bibsys Ask. Er du på jakt etter ein artikkel bruker du Google Schoolar. Me er også i ferd med å innføre eit nytt søkeverktøy som heiter Oria. Her kan du søke etter både bøker og artiklar på same stad. Skal du gå grundigare til verks, og til dømes sjekke kva artiklar som er skreve om eit tema, må du bruke databaser, slik som PubMed. Du finn ei oversikt over dei beste og mest brukte databasane på nettsida vår.
Ebøker
Visste du at biblioteket har kjøpt inn alle bøkene frå semesterhandboka til medisinstudiet som ebøker? Det betyr at du kan kikke og lese i bøkene før du eventuelt kjøper dei, du kan søke i alt innhaldet, få tilgang til ekstrafunksjoner som oppsummeringsspørsmål og mykje meir. Me har sjølvsagt mange fleire ebøker enn dei som er anbefalt litteratur, desse finn du i Bibsys Ask, same stad som dei andre bøkene.
Nettbaserte, interaktive læringsressurser
Å lære seg anatomi, biologi og kjemiske prosesser i kropper er eit omfattande arbeid. Derfor har biblioteket kjøpt inn ein læringsressurs som heiter Primal Pictures, der du finn gode 3D-bilder, interaktive modellar, animasjonar, kliniske case studies og mykje meir! I tillegg kan du bruke dette anatomiske atlaset som er på norsk.
Medisinske appar
Det fins appar for det meste, og nokon er til og med laga spesielt for studentar. Du kan laste ned appar der du kan halde oversikt over og fornye bøker du har lånt, slå opp i Felleskatalogen sin preparatbase, få oversikt over prosedyrer for kritiske situasjonar, legemiddelutrekning og mykje, mykje meir. Se nettsidene våre for ei oversikt over forskjellige medisinske apper.
Datatrøbbel?
Orakeltjenesten, som gjer brukarstøtte for NTNU-studentar, sitt på Bibliotek for medisin og helse mandag til fredag mellom 10.00 – 14.00. Her kan du få hjelp med utskrift, å kople til nettverk, installasjon av program med meir.
Spør ein bibliotekar!
Til slutt vil eg oppfordre både nye og gamle studentar til å komme innom Bibliotek for medisin og helse i andre og tredje etasje i Kunnskapssenteret. Her kan du sitte å jobbe, enten du vil vere aleine eller jobbe saman med andre i eitt av grupperomma våre. Du kan bruke ein av våre publikums pc-ar eller ordne deg utskrifter. I tillegg har me ein skranke der du heile dagen kan få hjelp av flinke bibliotekar som kan hjelpe deg med (nesten) alt. Velkommen til oss og lykke til med studiet!