Blogger: Egil Lien, CEMIR/NTNU, UMass Medical Schoolegil-lien

 

 

 

Du tenkjer vel ikkje vanlegvis på pest om du tar deg nokre ekstra pølser frå grillen som kanskje legg seg på sidebeina, men sanninga er at overvekt som kan føra til type 2 diabetes også er assosiert med inflammasjon.

Du tenkjer vel ikkje vanlegvis på pest om du tar deg nokre ekstra pølser frå grillen som kanskje legg seg på sidebeina, men sanninga er at overvekt som kan føra til type 2 diabetes også er assosiert med inflammasjon.

Infeksjonar er framleis ei av dei leiande dødsårsakene i verda, til dømes malaria og HIV krev mange menneskeliv kvart år, og mange infeksjonar er overrepresentert i utviklingsland. Men situasjonen i dag kan likevel ikkje samanliknast med kva som kom inn over Norge og resten av Europa på 1300-talet.

Svartedauden slo til for full styrke rundt 1347-48, i Norge mest frå 1349, og når pandemien (ein epidemi som dekkjer særleg store område) gav seg nokre år seinare er det estimert at 30-60% av den Europeiske befolkningen var borte. Fleire bølgjer med pestepidemiar fulgte i åra framover, fram til ca 1654. I Norge blei gårdar og grender lagt aude, landet kom i ein svak situasjon og dette var truleg ein medverkande årsak til at vi måtte gå i union med Danmark.

Pesten hadde store verknader på samfunnet i mange land i Europa. Svartedauden var forårsaka av pestbakterien – Yersinia pestis, som i dag framleis infiserer nokre tusen menneske på verdsbasis, men som ikkje er funne i Europa for tida.

Vi kan få mykje nyttig kunnskap ved å studera ein av dei farlegaste bakteriene vi kjenner. På CEMIR bruker vi til dømes Yersinia pestis som eit modellsystem for å forstå korleis denne bakterien, og andre bakterier, prøver å unngå gjenkjenning av immunforsvaret når dei kjem inn i kroppen.

Vi kan få mykje nyttig kunnskap ved å studera ein av dei farlegaste bakteriene vi kjenner. På CEMIR bruker vi til dømes Yersinia pestis som eit modellsystem for å forstå korleis denne bakterien, og andre bakterier, prøver å unngå gjenkjenning av immunforsvaret når dei kjem inn i kroppen.

Pestbakterien har fleire triks på lur, den drep immunceller, den endrer overflata si slik at det medfødte immunforsvaret reagerer svakt på infeksjonen og ikkje tar knekken på bakteriene, og ved hjelp av ei ”nål” lager bakteriene små porer i immuncellene i kroppen og injeserer proteiner som yttarlegare blokkerer immunreaksjonar og andre cellefunksjonar.

Dette gjer at bakterien kan formera seg meir og mindre uhemma i kroppen, og særskilt store mengder bakterier kan bli funne i pasientar med pest. Arbeidet vårt går mellom anna ut på å finna ut kva spesifikke immunreaksjonar som er blokkert og underutvikla ved ein slik infeksjon. Så prøver vi å påvirka systemet til å gi ein auka immunrespons og auka inflammasjon, slik at bakteriene likevel kan bli drept av immuncellene. Denne kunnskapen kan vera veldig viktig når vi prøver å utvikla terapiar og vaksiner for ein heil rekkje infeksjonar.

Council of the rats

Rottene fikk skylda for svartedauden. http://no.wikipedia.org/wiki/Svartedauden

Så prøver vi å påvirka systemet til å gi ein auka immunrespons og auka inflammasjon, slik at bakteriene likevel kan bli drept av immuncellene. Denne kunnskapen kan vera veldig viktig når vi prøver å utvikla terapiar og vaksiner for ein heil rekkje infeksjonar.

Men kva i all verda kan dette ha å si for overvekt og diabetes? Du tenkjer vel ikkje vanlegvis på pest om du tar deg nokre ekstra pølser frå grillen som kanskje legg seg på sidebeina, men sanninga er at overvekt som kan føra til type 2 diabetes også er assosiert med inflammasjon. Kroppen er rett og slett ute av likevekt, og det ekstra feittvevet kan inneholda immunceller som er blitt aktiverte.

CEMIR har vi funne at nokre av dei same immunreaksjonane som blir satt igang ved ein infeksjon, faktisk også er igangsatt ved overvekt i mus.

CEMIR har vi funne at nokre av dei same immunreaksjonane som blir satt igang ved ein infeksjon, faktisk også er igangsatt ved overvekt i mus. Det vil seia at denne inflammasjonen, som skal vera nyttig for kroppen ved ein akutt infeksjon, kan bli kronisk holdt ved like ved overvekt. Dette kan vera skadeleg for kroppen og bidra til utvikling av symptom for type 2 diabetes, slik som nedsatt glukosetoleranse. Vi prøver å finna årsaker til dette, og vi vil se om vi kan bremsa desse symptomene ved å bremsa inflammasjonen.

Norsk forsker har oppdaget et molekyl i immunforsvaret som kjenner igjen bakterier. Det stoppet svartedauden fra å ta livet av mus, og kan bli et alternativ til antibiotika i fremtiden.

Les mer om hvordan CEMIR vil løse Svartedaudengåten i et intervju i Dagbladet.

1.            Allen, I.C. et al. NLRP12 suppresses colon inflammation and tumorigenesis through the negative regulation of noncanonical NF-kappaB signaling. Immunity 36, 742-754 (2012).

Den offisielle åpningen av NTNUs fire nye sentre for fremragende forskning SFF CEMIR_logovar mandag 10. Juni. CEMIR  er ett av disse sentrene. I vårt senter skal vi forske på nye mekanismer som setter i gang inflammasjonsresponser. Vi håper med dette å få kunnskap som kan peke på nye metoder for behandling og diagnostikk av sykdommer der inflammasjon spiller en avgjørende rolle. Du kan lese mer om CEMIR på http://www.ntnu.edu/cemir

I løpet av juni vil du få lese flere blogginnlegg fra CEMIR sitt forskningsmiljø.

Du liker kanskje også