Kreft og bein: Dårlige vener, men kvifor det?

av @NTNUhealth 12. april 2016

Blogger: Therese Standal
Professor ved Institutt for kreftforskning og molekylær medisin og CEMIR Therese Standal

Kvart år får over 30 000 nordmenn ei kreftdiagnose. Heldigvis gjer betre behandling og diagnose at stadig fleire overlever, men fortsatt er det mange som døyr. Kreft i bein eller spreiing av svulst frå primærstad (som for eksempel bryst, prostata eller lunger) til bein er eit svært dårlig teikn og gir ofte ei dårlig prognose. Men kvifor er det slik? Kva har beinet som gjer at kreftcellene så gjerne vil vandre dit og busette seg der? Og kva skjer med beinet når det blir invadert av kreftcellene?

Myelomatose: Eit døme på ekstrem beinøydelegging

Myelomatose (beinmargskreft) er den krefttypen som oftast rammar bein. Ved diagnose har rundt 70% av pasientane teikn på beinøydelegging, og seinare har så godt som alle pasientane svært svekka beinkvalitet. Beinøydelegginga ved denne kreftsjukdomen er ofte svært omfattande og fører til beinbrot, samanfall av ryggsøyla, høgt nivå av kalsium i blodet og store smerter. Det finnast ingen kur for myelomatose, men nye behandlingsmåtar dei siste åra har auka levetida betrakteleg. For nokre pasientar blir myelomatose ein kronisk sjukdom som dei vil leve med i mange år. Sjølv om dei nye medikamenta har blitt meir effektive mot kreftcellene, så finst det per i dag inga god behandling for å betre beinhelsa til desse pasientane.

Beinkreft_red

Kva er det i  beinmargen som kreftcellene likar?

Ved  myelomatose høyrer kreftcellene i utganspunktet heime i beinmargen. Og dei kan som regel ikkje overleve utan det unike miljøet akkurat her. Her finnast fleire celletyper, for eksempel osteoblastar som lagar bein, osteoklastar som bryt ned bein, immunceller som kan forsvare kroppen mot kreftcellene og ulike typar støtteceller (stromale celler). Alle desse cellene skil ut fleire protein som kan verke som overlevingsfaktorar for kreftcellene, og som også kan trekke til seg kreftcellene frå andre stader i kroppen. Mange av dei viktigaste overlevingsfaktorane for myelomcellene produserast av dei stromale cellene i margen. Det er også slik at kreftcellene overlever betre dersom dei er i fysisk kontakt med desse cellene. Meir enn 50 ulike overlevingsfaktorar for myelomcellene har blitt identifisert,  men om ein eller fleire av desse er viktigare enn andre er sjølv etter fleire 10-år med forsking fortsatt uklart.

Eting av bein

Når kreftcellene først er etablert i beinmargen vil dei påverke cellene ikring seg. For det første skil kreftcellene ut faktorar som aukar danning og aktivitet til osteoklastane. Osteoklastar er gigantiske celler som har som oppgåve å bryte ned bein. Når osteoklastane bryt ned beinet frigjerast faktorarar frå beinmatriksen som aukar celledeling og overleving av kreftcellene. Det blir då fleire kreftceller som kan lage meir osteoklast-aktiverande faktorar, som igjen gir auka nedbryting av bein og frigjering av fleire vekstfaktorar. Altså ein vond sirkel.  For det andre så skil kreftcellene også ut faktorar som hemmar danning av osteoblastar som skal lage nytt bein, og  beinet som blir borte blir difor ikkje erstatta med nytt bein. I friskt bein er nedbryting og nydanning av bein ein balansert prosess som skjer kontinuerlig, men ved myelomatose så blir denne balansen altså broten.

 

Kreft og bein

Kva kan gjerast?

Beinsjukdomen ved myelomatose blir i dag som regel behandla med bisfosfonatar. Dette er forbindelsar som takast opp i bein, og som osteoklastane får i seg når dei et beinet. Dette vil ta livet av osteoklastane eller hemme evna deira til å ete bein. Men sjølv om nedbrytinga av bein blir redusert ved denne behandlinga, manglar pasientane fortsatt funksjonelle osteoblastar som kan erstatte den beinmassen som allereie har gått tapt. I dag er Parathyreoideahormon, PTH (Teriparatid) det einaste godkjende medikamentet som verkar ved å auke nydanning av bein.  Teriparatid blir brukt i behandling av pasientar med osteoporose, men dette medikamentet kan ikkje brukast på kreftpasientar. Fleire bein-oppbyggande medikament er eller har vore til utprøving i mus og i  menneske, men ingen av desse er foreløpig godkjende for behandling av pasientar med myelomatose. Meir forsking trengs for å forstå korleis beincellene påverkas av kreftcellene, og på korleis ein kan gjenoppbygge beinmassen. Slik kunnskap er nøkkelen for å betre livskvaliteten til ei stor gruppe kreftpasientar.

 

Du liker kanskje også