Blogger: Kristian K. Starheim, forskar ved Senter for molekylær inflammasjonsforskning (SFF-CEMIR)
Visste du at AIDS-pasientar får kreft? AIDS står for Aquired Immunodeficiency Syndrome – eit syndrom der immunforsvaret har kollapsa. Til forskarane si forundring førte dette til kreftutvikling. Kroppen vår brukar altså immunforsvaret aktivt til å nedkjempe kreft. Mesteparten av kreftcellene som oppstår i løpet av eit langt liv merkar vi aldri – vårt eige immunforsvar et dei opp like raskt som dei oppstår.
Kvifor er dette interessant for kreftpasientar? Jau, kreftceller som utviklar seg til svulstar har nemlig gått under radaren til immunforsvaret. Skal dei vekse, dele seg og bli farlige må dei ”forkle” seg så dei ikkje vert kjent att, og dei må omprogrammere immunforsvaret til å la dei være i fred.
Ein har difor lenge prøvd å påverke immunforsvaret så kreftcellene likevel skal bli kjent att – ein har freista å ”rive forkledinga av kreftcellene”. Men immunforsvaret er involvert i så mangt, og ofte har ein enda opp med så mange biverknader at vinninga har gått opp i spinninga.
Dei siste åra har ein derimot gjort fundamentale oppdagingar i immunologien som har gitt oss nøkkelen til korleis kreftceller kan oppdagast. Desse funna har gitt oss mange nye kreftmedisinar som drep kreftceller gjennom påverknad av immunsystemet. Ein gjer immunsystemet i stand til å oppdage kreftcellene som har gøymt seg vekk – såkalla immunterapi. Immunterapi er faktisk hjelp til sjølvhjelp.
Immunterapiane som no er under utvikling har sine klare fordelar, men også sine avgrensingar. Eit av problema er at ulike krefttypar og ulike immuncelletypar oppfører seg ulikt. Pasientar er også ulike. Behandlinga må tilpassast pasienten, og kva behandling som passar til ulike pasientar kan vere vanskelig å avgjere på førehand.
Dette er tema for mi forsking. Eg studerer korleis blodkreftceller reagerer på ulike medikament, korleis dei utviklar resistens, og korleis dei kommuniserer med immuncellene. Målet er å utvikle meir potente medisinar, og finne ut kva pasientar som kan ha nytte av ulike behandlingar. Dette vil gi færre biverknader, mindre feilbehandling, og forhåpentlegvis auka overleving for pasientane.