Samhandling på timeplanen

Torfinn Støve MadsenBlogger: Torfinn Støve Madssen
Medisinstudent og fakultetstillitsvald

 

Ein mann får hjerneslag. Han blir raskt brakt til sjukehuset. Ein lege diagnostiserer pasienten, rekvirerer prøver og undersøkingar, og ordinerer behandling. Radiografar sørgjer for CT av hjerna. Sjukepleiarar tek hand om pasienten, og iverkset behandlinga. Bioingeniørar tek blodprøver og analyserer dei på laboratoriet. På grunn av at ein del av hjerna har vore utan oksygen, har pasienten fått ei lett funksjonsnedsetting. På rehabiliteringsinstitusjon blir fysioterapeut involvert. Pasienten flyttar til slutt heim, men treng framleis noko hjelp. Ergoterapeut og vernepleiar kartlegg funksjonsnivå, og legg til rette for at han skal kunne kan bu heime sjølvstendig. Han vil etter kvart tilbake til jobben sin, og sosionom blir involvert for å hjelpe i denne prosessen.

Engasjerte-studenter

700 helsefagstudentar var samla på Øya til seminaret Tverrfaglig utdanning innen samhandling (TVERRSAM). Foto: Vibeke Ann Pettersen / HiST

Eit slikt pasientforløp illustrerer noko som i aukande grad er eit kjenneteikn ved helsesektoren. Befolkinga blir eldre, og det blir meir vanleg at pasientar har komplekse og kroniske helseproblem som ikkje kan takast hand om ved eit kort sjukehusopphald. Omsorga krev eit fleirfagleg og spesialisert helse- og velferdsapparat, der mange forskjellige yrkesgrupper med forskjellige kompetansar er inkluderte.

Denne endringa i sjukdomsbyrden og pasientpopulasjonen har også ført til politiske endringar. Når pasientane tek med seg sjukdomane sine tilbake til dei daglege liva sine, må ein større del av behandlinga skje der menneska bur. Samhandlingsreforma, som blei verksam frå 2012, fører til at kommunane får ansvaret for å samordne helse- og omsorgstenestene, og andre instansar som inngår i eit pasientforløp.

Men involvering av mange yrkesgrupper vil ikkje i seg sjølv føre til gode pasientforløp. Det blir derfor i aukande grad satsa på å inkludere fleirfagleg samarbeid i helsefagutdanningane. I førre veke blei 700 helsefagstudentar i Trondheim samla på Øya til eit todagars seminar om tverrprofesjonelt samarbeid, eller TverrSam. Der blei studentar frå alle yrkesgrupper som blei nemnde i innleiinga, samla for å lære om kvarandre, og reflektere over eiga og andre sine roller i eit godt pasientforløp.

Gjennom ein kombinasjon av forelesingar og gruppearbeid freista ein å belyse kva fleirfagleg samarbeid er, og kva som kjenneteiknar eit godt og eit dårleg pasientforløp. I mi gruppe blei vi raskt samde om ein “diagnose”: Eit forløp der yrkesutøvarane ser kun på si eiga oppgåve og ingen har auge for heilskapen, blir uoversiktleg og fragmentert. Ein god flyt frå sjukehus til heim med føreseielegheit for pasienten føreset at det blir lagd ein plan der alle profesjonane kjenner si rolle i heilskapen, og har ein tanke for pasienten sine behov. Hos mi gruppe tenkte vi særleg at det er behov for at ein person har koordineringsansvar for pasientforløpet.

TverrSam15 hadde mange gode foredragshaldarar. Det var særleg interessant å få sett temaet i ein politisk samanheng. Professor Aslak Steinsbekk greia fyrst ut om Samhandlingsreforma, som mange har høyrd om, men ikkje alle heilt veit kva går ut på. Statssekretær Lisbeth Normann i Helse-og omsorgsdepartementet snakka om politikken som låg bak det aukande fokuset på fleirfagleg samarbeid. Ein sentral bodskap var at dersom ein skulle organisere helsetenesta omkring pasienten, ville ein kanskje i mindre grad enn før kunne organisere helsetenesta omkring fagområda. Fleirfagleg samarbeid ville dermed bli essensielt. Ho oppfordra helsepersonell til å tenkje nytt om korleis ein fordeler arbeidsoppgåver. Rutineoppgåver for nokon yrkesgrupper ville kunne bli spennande nye utfordringar for andre. Ho oppfordra oss til å vere interesserte i, og ta del i den helsepolitiske debatten, slik at politikarane ikkje skulle bestemme over helsevesenet utan oss.

Per Fugelli held foredrag

Per Fugelli snakka om tillit som “gudestoffet” som held helsetenesta saman. Foto: Vibeke Ann Pettersen / HiST

Eit anna høgdepunkt var Per Fugelli sitt innlegg. Fugelli snakka om “gudestoffet” som held helsetenesta saman: tillit. Utan tillit mellom helsepersonell og pasient ville all behandling bli uverksam. Han snakka derfor om korleis vi som helsepersonell kunne bygge tillit. Han gav studentane ei smørbrødliste med fem ingrediensar for å bygge tillit: Ærlegheit, rettferd, fagleg dugleik, vilje til å gjere godt, og pasientmedverknad.

At tverrfagleg samarbeid er viktig, er noko alle ser ut til å vere samde om. Seminaret signaliserte at dette er eit område der helsevesenet i dag har store problem. Betydinga av tverrfagleg samarbeid blei derfor stadig framheva. Men tverrfagleg samarbeid er eit vanskeleg tema, og slett ikkje alle er samde om korleis det bør implementerast, eller i kva grad ein bør gjere det. Meir tverrfagleg samarbeid fører til at ein inkluderer stadig fleire fagpersonar omkring pasienten, med kvar sine spesialområde. Dette fører til større krav til kommunikasjon og informasjonsflyt. Kan vi nå eit punkt der auka tverrfaglegheit fører til eit fragmentert og uoversiktleg pasientforløp? Kunne det vore sakssvarande å ha færre yrkesgrupper involvert, og heller satse på vidareutdanning av dei ulike profesjonane? Slike spørsmål blei i liten grad tatt opp på seminaret. Noko som slo oss i mi gruppe var at sjølv om vi alle hadde våre eigne spesialområde, hadde vi også mykje felles kompetanse. Profesjonane sine arbeidsoppgåver kunne ikkje alltid skiljast lett frå kvarandre.

Samanslåing av institusjonar for høgare utdanning blir for tida diskutert over heile landet. Trondheim er ikkje eit unntak. Særleg diskuterer ein om ein bør slå saman NTNU og Høgskulen i Sør-Trøndelag. Saman står desse institusjonane for alle dei helsefaglege utdanningane i Sør-Trøndelag. Styrking av tverrfagleg samarbeid blir trekt fram som eit argument for å samanslåing.

Tanken om at Øya skal bli ein “helsefagleg campus” er interessant. Sjølv om NTNU og HiST akkurat har prova at dei klarar å ha felles undervisingsopplegg utan samanslåing, vil samanslåing kunne leggje forholda til rette for vidare utvikling av denne undervisinga. Og at vidare satsing på tverrfagleg kompetanse blir naudsynt, er det ingen som tvilar på. TverrSam var bra for å synleggjere betydinga av temaet, men det er grenser for kva ein rekk å gjere på to seminardagar. For å bli gode på å arbeide tverrfagleg, må vi øve på samarbeid både i klinikken og i kommunehelsetenesta, og dette er ein klar over. Det ser derfor ut som at vi helsefagstudentar vil sjå meir til kvarandre dei komande åra, både under utdanningane våre og i arbeidslivet.