Reisebrev frå AMEE

av @NTNUhealth 5. september 2014

Blogger: Torfinn Støve Madssen Torfinn Støve Madssen

Vi som studerer medisinske fag er på mange måtar svært heldige. Vi studerer eit fag der ein i større grad enn i mange andre fag ser viktigheita av å satse på god og evidensbasert undervisning. For eksempel er det godt etablert i pedagogikken at studentaktiv læring er ein overlegen læringsform samanlikna med passiviserande forelesingar. Denne kunnskapen har Det medisinske fakultet  NTNU, og mange andre medisinske fagmiljø over heile verda, tatt konsekvensen av. Problembasert læring (PBL) er ei læringsform som mellom anna har studentaktivisering som nøkkelelement, og er i dag ein mykje brukt og godt ansett lærings- og undervisningsform på medisinstudier over heile verda, og ved NTNU.

Studentrådets leiargruppe. Frå venstre: Institutttillitsvalde Elisabeth Stauri (INM), Lise Margareth Stebekk (IKM), Kari Syverud (LBK), studieprogramrepresentant for masterstudentane Giovanna Perinetti Casoni, institutttillitsvalde Thomas Reese (ISM), Eirik Bakke (ISB) og fakultetstillitsvalde Erlend Frøland og Torfinn Støve Madssen.

Studentrådets leiargruppe. Frå venstre: Institutttillitsvalde Elisabeth Stauri (INM), Lise Margareth Stebekk (IKM), Kari Syverud (LBK), studieprogramrepresentant for masterstudentane Giovanna Perinetti Casoni, institutttillitsvalde Thomas Reese (ISM), Eirik Bakke (ISB) og fakultetstillitsvalde Erlend Frøland og Torfinn Støve Madssen.

Studentråda si oppgåve er å vere studentane si røyst i arbeidet med å gjere NTNU til eit betre universitet. Om vi skal gjere dette på ein god måte, bør vi vere kjende med kunnskapsgrunnlaget for god utdanning. Studentrådet reiser no saman med fakultetet til den europeiske konferansen for medisinsk grunnutdanning, arrangert av Association of Medical Education in Europe (AMEE). Her har vi mogelegheita til å lære meir om kva retning medisinsk grunnutdanning er i ferd med å ta internasjonalt, kva som er viktig for god undervising og læring, og bli betre kjend med fakultetsleiinga. Eit nære samarbeid mellom fakultet og studentar, der alle er opptekne av kunnskapsbasert undervisning, er eit gode for alle.

Studentrådet DMF med Matteo Cavagnacchi (t.h.), medisinstudent frå Italia.

Studentrådet DMF med Matteo Cavagnacchi (t.h.), medisinstudent frå Italia.

AMEE-konferansen er stor, og ein må diverre prioritere det ein er mest interessert i. Der er store spenn i tema. Kva er den beste undervisningsforma? Kva er viktig for studenttrivsel (trening, søvn og å vere mykje på campus ser ut til å vere viktig)? Korleis fremje samfunnsengasjement i medisinstudiet? Kva kjenneteiknar ein god diskusjonscase? Korleis organisere ein god eksamen? Korleis kan simulasjonsteknologi brukast til å lære medisinske prosedyrer? Alt dette, og mykje, mykje meir, blir diskutert på AMEE-konferansen. Nesten ein tidel av deltakarane på konferansen er studentar, og studentane sine perspektiv blir sett stor pris på av deltakarane.

Dette er også ei fantastisk mogelegheit til å møte medisinstudentar frå andre land. Det er fascinerande å oppleve at studentrepresentantar frå to ulike krokar av Europa kan møtast, og umiddebart forstå og attkjenne dei utdanningsmessige problemstillingane som den andre har. Svært spesialisert pensum med liten vekt på overordna forståing ser ut til å vere eit problem i store delar av verda. Italia opplever også ein tilnærma identisk – men oppskalert – turnusproblematikk som den vi har i Noreg. Fritt opptak til medisinstudia fører til overbooking på universiteta og overskot av medisinstudentar, medan antalet turnusstillingar høgare oppe i systemet er for lågt. Resultatet er ein paradoksal situasjon der mange som studerer medisin i Italia ikkje får jobb, samstundes som at ein må importere spesialistar frå utlandet for å dekkje landet sitt behov.

Etter mi meining er pedagogikk noko som i mykje større grad bør vektleggjast på alle studieprogram. Ikkje berre ovanfor forelesarane, men også ovanfor studentane. På universitetet skal vi tileigne oss kunnskapar og dugleikar som skal bu oss på å lære resten av livet. Vi skal lære å lære. Pedagogikk bør vere ein viktig del av dette. Pedagogikk omhandlar korleis studentar lærer best. Vi bør derfor vere opptekne av kunnskapsgrunnlaget for god læring, og bruke dette til å optimalisere eiga læring. Universiteta talar for kritisk tenkjing innanfor alle område, og bør derfor ha ei særleg rolle i å vektleggje evidens når dei vel pedagogikk, og kjempe imot den pedagogiske relativismen som rådar innanfor høgare utdanning.

At studentar bør finne “sin måte” å studere på, og at forelesarar må få bruke “sin måte” å undervise på, er berre delvis sant. Dersom høgare utdanning med truverd skal forfekte kritisk tenkjing, må kunnskap om pedagogikk få konsekvensar for korleis utdanning blir organisert og gjennomført. Det er eit tankekors at ein krev 60 studiepoeng med pedagogikk for å starte som undervisar i vidaregåande, medan i høgare utdanning er det ofte nok med kun forskingskompetanse.

Du liker kanskje også