Miljø – er det noe farleg det? Om årsakene til allergi.

Martinus_Løvik_web2Blogger: Martinus Løvik
Professor emeritus, Institutt for kreftforskning og molekylær medisin, NTNU

 

 

Miljøet får ofte skulda for at vi blir allergiske, utan at noen ennå har kunne peike på sikre årsaker. I god medisinsk forbodstradisjon har derfor mange prøvd å unngå allergi ved å ‘passe seg for alt’. Forskninga dei siste åra har snudd opp ned på dette – nå meiner mange at det beste ein kan gjere for å sleppe å bli allergisk er å leve i eit så variert og mangfaldig miljø som råd. Vi skal ikkje lenger passe oss for pollen og dyr og mat, men ha kontakt med mest mogleg av alt dette – ‘mangfald’ i miljøet er nå det sunnaste.

Miljøet – det vil seie alt som omgir oss enten det er naturleg eller menneskeskapt – har i sjukdomssamanheng eit dårleg rykte. Vi høyrer stadig om skadelege miljøfaktorar som sjukdomsårsak, miljøgifter er eit stort problem, og vi får i det heile tatt inntrykk av at miljøet er noe vi må beskytte oss mot for ikkje å bli sjuke (paradoksalt nok er derimot ‘naturen’ god). Allergi har årsaka si i eit uheldig samspel mellom arvelege anlegg og miljøfaktorar, blir vi fortalt.

Astrid-og-lam_fotoM.Løvik_kvadratisk

Mangfaldig og rik miljøpåvirkning det beste vernet vis man skal unngå allergi, skriv Martinus Løvik. Foto: Martinus Løvik.

Problemet er berre at ingen forskarar til no på overbevisande måte har kunna fortelje oss kva dei skadelege miljøfaktorane er når det gjeld å utvikle allergi. Derfor står vi også på bar bakke når det gjeld å forebygge allergi – det er vanskeleg å forebygge når ein ikkje kjenner årsakene. Heldigvis har forskninga dei seinaste åra gitt oss nytt håp, ved å snu opp ned på det heile – heller enn å leite etter skadelege miljøfaktorar, tar vi til å sjå på mangfaldig, rik miljøpåvirkning som det beste vernet mot allergi.

Ein grunnregel står fast: er vi først blitt allergiske, må vi unngå det vi er allergiske mot. Men når det gjeld å unngå å få allergi, er saka heilt annleis. Tidlegare trudde vi det gjaldt å unngå allergen, altså dei stoffa vi blir allergiske mot både i maten og i miljøet rundt oss. Den nye forståinga begynte med at fleire befolknings-undersøkingar ga som resultat at hund og katt såg ut til å beskytte mot allergi, sjøl om dyra spreier store mengder allergen. Og stor var overraskinga då forskarane i ein britisk studie der ein fjerna så godt som all kontakt med husstøvmidd under svangerskapet og i dei første leveåra til barna gjorde opp resultata sine. Dei fann at barna som hadde unngått husstøvmidd hadde meir middallergi, ikkje mindre, enn dei barna som hadde hatt ‘normal’ kontakt med husstøvmidd under svangerskapet og etter fødselen.

Liknande funn er nyleg gjort med peanøtter og matallergi – barna til mødre som åt peanøtter under svangerskapet fekk sjeldnare peanøttallergi enn barna til mødre som hadde unngått peanøtter. Så det er ikkje lengre så sikkert at det å unngå allergen er så bra for å unngå allergi, korkje når det gjeld barnet i mors liv eller etter fødselen. Men vi må legge til at vi ennå veit lite om kva doser og kva tidspunkt under svangerskapet og kva alder hos barna som er best for å førebygge at dei får allergi.

Det ser ut til at variasjon og mangfald i miljøet vi lever i er bra for å unngå allergi. Det gjeld både kva vi et, stoff frå naturen som kjem i kontakt med, og sanseinntrykka vi får. Billedleg sagt, alle tangentane på det immunologiske orgelet bør brukast for at musikken skal bli harmonisk, for at vi skal få ein normal immunrespons og ikkje allergi.

Fleire store undersøkingar har vist at mangfaldet i mor sitt kosthald under svangerskapet gir ein peikepinn om barnet sin risiko for allergi seinare, til dømes ved skolealder – jo større mangfald i den gravide sitt kosthald, jo mindre risiko for allergi hos barnet. Og å vekse opp på ein gard med husdyr halverer barnet sin risiko for å få allergi – særleg om mor går i fjøset medan ho er gravid, og barnet vert tatt med så tidleg som råd etter fødselen. Heller enn å unngå alle allergen og bakteriar medan immunforsvaret vert forma, får barnet møte eit mangfald av stoff og mikrobar som hjelper det til å få eit sunt immunforsvar. Og mye grøntareal omkring oss reduserer risikoen for astma og allergi om vi bur i ein storby. Miljøet er den store hjelparen, heller enn å vere den store faren når det gjeld allergi.

Det same gjeld mikrobar. Den gamle ‘hygienehypotesen’ var jo feil i den forstand at infeksjonar med virus og bakteriar kan vere årsak til astma og allergi heller enn å beskytte. Derimot, det å ha ein rik og variert flora av mikrobar (det fagfolk kallar mikrobiota) i tarmen og på dei andre slimhinnene i kroppen, og også på huda, synest å vere svært viktig for å unngå allergi.

Maten er viktig for bakteriefloraen vår, men det er vanskeleg å tru at probiotika der ein gir store mengder av ein eller to bakterietypar kan gjere særleg nytte. Med omsyn til mangfald i tarmbakteriefloraen må probiotika med ein bakterietype ha like stor verknad som å sleppe ein gullfisk i havet, iallfall når det gjeld varig verknad. Verknaden av syrna mjølkeprodukt er kanskje større? Derimot har fleire studiar funne at ei rik og variert bakteriemengde i husstøvet reduserer risikoen for astma.

Derfor meiner vi nå at vi ikkje skal isolere oss frå miljøet som om vi var romfararar på eigen planet. Mennesket har inntil nyleg levd i tett samspel med eit mangfaldig miljø. Vi må framleis spele på lag med miljøet og bruke det – og vi må få høyre meir om det sunne i miljøet. Samstundes må vi ikkje gå frå den eine ytterlegheita til den andre – vi veit ennå ikkje heilt kvar balansepunktet ligg når det gjeld å vere varsam og passe seg eller å ha kontakt med alt mogleg i miljøet, og med ulike arvelege anlegg har sikkert kvar av oss sitt personlege ‘balansepunkt’.

Summen og mangfaldet av miljøpåverknad ser ut til å vere det viktigaste heller enn dei enkelte miljøfaktorarane, noko ein kan diskutere om det gjer forebygginga lettare eller vanskelegare. Det synest iallfall klårt at vi må bruke miljøet i all sin variasjon heller enn preparat frå butikkhyllene om vi skal prøve å unngå allergi.