Stipend frå Kreftforeningen: Immunforsvaret påverkar kreftutvikling

av Johanne Nome 11. desember 2015

Bloggar: Kristian Kobbenes Starheim
Postdoktor ved Senter for Molekylær Inflammasjonsforskning (SFF-CEMIR)kristian Starheim

 

Immunforsvaret er eit av kroppen sine naturlige forsvar mot kreft. Immunforsvaret registrerar framandlekamar som bakteriar og virus, samt celler som muterar og endrar seg.  Slik vert dei fleste celler som utviklar krefteigenskapar raskt oppdaga. Dei etast deretter opp av profesjonelle “eteceller” som heiter makrofagar.

 

Makrofagar har ete bakteriar (blå), og bakteriane vert registrert av signalprotein (raudt og grønt) som set i gong immunforsvaret. Desse proteina kan vere viktige i kreftbehandling.

Makrofagar har ete bakteriar (blå), og bakteriane vert registrert av signalprotein (raudt og grønt) som set i gong immunforsvaret. Foto: K. Starheim

Somme kreftceller kan omprogrammere denne immunresponsen. Ein annan funksjon til immunforsvaret er å reparere vevsskader gjennom å stimulere til celledeling og vekst. Når ein blir raud og øm kring eit sår er det denne immunresponsen ein ser. Mange kreftsvulstar “lurer” kroppen til å tru at dette er eit sår som må reparerast. Makrofagane strøymer til svulsten, men i staden for å ete cellene vil dei skilje ut vekstfaktorar og andre stoff som opprettheld eit vekstfremjande miljø. Immunsystemet hjelper svulsten å vekse.

Vi byrjar no å forstå korleis immunforsvaret spelar inn i kreftutvikling, men det er framleis mykje som er ukjent. Det store spørsmålet er om vi kan bruke immunforsvaret til å bekjempe kreft? Kan ein til dømes klare å omprogramere cellene i ein kreftsvulst frå kreftstimulering tilbake til ete-funksjonen?

Gjennom eit treårig forskarstipend frå Kreftforeningen har eg no fått sjansen til å undersøke desse mekanismane. Eg håpar dei kan opne for meir effektive og skånsomme kreftbehandlingar.


Delar av teksten har vore publisert tidligare i Vikebladet Vestposten.

Du liker kanskje også