Helsepersonell og sosiale media

av @NTNUhealth 28. august 2014

karina.bjorkedalBlogger: Karina Bjørkedal
Bibliotek for medisin og helse

Sosiale media gir deg omtrent uendelege moglegheiter til å utforske, lære, oppdage og skape nye nettverk. Samtidig byr både Facebook, Twitter, Instagram, blogger og Snapchat på ein del etiske utfordringar, ikkje minst for dei som jobbar eller studerer innafor medisin og helse. Det er fort gjort å trø feil, noko som kan få store konsekvensar for både deg sjølv og andre involverte. I dei sosiale media er du din eigen redaktør –på godt og vondt!

Dette var utgangspunktet for ei forelesing eg hadde for årets nye medisinstudentar om sosiale media. I dette blogginnlegget får du ein kort gjennomgang av det som vart presentert i denne.

Sommaren 2012 laga Helsedirektoratet eit rettleiingsdokument for bruk av sosiale media. Dokumentet er utgangspunkt for råda Det medisinske fakultet og St. Olavs Hospital gir sine tilsette og studentar. Her understrekes mellom anna at teieplikta er total, at utsegn i sosiale media er å rekne som offentlege, at ein ikkje skal bli Facebook-venn med pasientar og at ein ikkje skal legge ut bilete utan løyve.

At det ikkje finns private rom på nettet vart ytterligare understreka i Stavanger tingrett, april 2014, då Torgeir Bjelland vart dømt for ærekrenkande utsagn om SV-politikar Marcela Molina. I dommen heiter det mellom anna at «Retten slår også fast at det å skrive ting på sin facebook-konto med 420 venner klart er å anse som et offentlig utsagn».

Rettleiinga frå Helsedirektoratet gir gode og konkrete råd, men kva med praksis; er det like enkelt? Det er dessverre mange eksempel på at ikkje alle mestrer å balansere  sosiale media, teieplikt, personvern og ytringsfriheit.

Sommaren 2013 følte Staten Helsetilsyn seg nødt til å gå ut i media for å minne helsepersonell om at teieplikta også gjeld på sosiale media. Bakgrunnen for utspelet var episodar der ambulansearbeidarar hadde tatt bilde av pasientar medan dei var ute på akuttoppdrag. Bilda vart tatt med private telefonar, utan samtykke frå pasientane. I nokon av tilfella vart bilda seinare publisert på Facebook, og spreidde seg derfor vidare til media.

Oktober 2012 måtte ein lege betale 10 000kr etter at han hadde publisert bilde av ein pasient på Facebook. Bilde var av ein tolv år gammal gutt som hadde ein stor hårlaus flekk i bakhovudet. Ei venninne av mora til gutten hadde kjent han igjen på grunn av håret og genseren.

Ganske klare brudd på teieplikta, er det ikkje? Men kva når bilda vert tatt i undervisningsføremål?

September 2013 døde ein 8mnd gammal gut av hjernehinnebetennelse. Medan gutten er på legevakta tar ein ambulansearbeidar eit bilde med sin private telefon, og sender dette som MMS til ein lærling. Ambulansearbeidaren forklarer seinare at bilda skulle dokumentere blodutredning til undervisningsføremål og at han ikkje hadde til hensikt å publisere bilda.

Teieplikta inneber at ein ikkje skal vidareformidle opplysningar som er tausheitsbelagt, men også at ein aktivt skal hindre at andre får tak i denne type opplysningar. Så kva skjer om du kommenterer eit Facebook-innlegg der nokon andre har brote teieplikta først? Eller kva om du sjekker inn på legevakta på Facebook, og naboen din plutselig skriv ein lang kommentar om nokon han kjenner som var innom der i dag, ein kommentar full av sensitive opplysningar. Har du ansvar for det naboen din skriv på ditt Facebook-innlegg?

Kva med pasientbloggar? Har helsearbeiderar ansvar for ein pasient som utleverer seg sjølv i ein blogg og som kanskje har vanskar med å vurdere konsekvensane av dette?

Retningslinjer og  dokument er bra, men vil etter mi meining aldri klare å dekke alle nyanser og gråtoner ein helsearbeider vil kunne møte på. Derfor er det viktig at det vert lagt til rette for at desse tema vert drøfta, både i løpet studiet og i arbeidskvardagen. Sosiale media krev at helsepersonell er bevisste, reflekterte og har kontroll på kva reglane om teieplikt, personvern og ytringsfriheit faktisk inneber, og dette er ikkje eit ansvar ein kan ta lett på.

Då eg diskuterte desse spørsmåla med dei nye medisinstudentane oppdaga eg fort at dagens studentar er svært reflekterte og engasjerte omkring eiga publiseringspraksis, med andre ord eit godt utgangspunkt for å gjere gode framtidige vurderingar.

Så lykke til med neste sosiale media-oppdatering, enten det er eit Facebook-innlegg, Instagram-bilde eller eit Twitter-innlegg!

Du liker kanskje også